OM LJOSLANDSKISENTERFRILUFTSLIVHYTTER OG TOMTERKOMMUNIKASJONANNONSER


Ljosland Utbyggingsselskap AS.

Om selskapet.

Ljosland Utbyggingsselskap AS (LUB) blei stifta i 1994 med formål å utvikle infrastruktur for hyttebygging med bortfesting av tomter på Ljosland Vest. Selskapet har i dag tre eigarar, grunneigar Kjell Ljosland, grunneigar Oddmund Ljosland og maskinentreprenørselskapet TT Anlegg AS med 1/3 part kvar.

Kva som er utført.

  • Utbygging av Farvatn Nord i tre etappar på Kjell Ljoslands eigedom .Tidsrom 1995 - 1998. Ansvarlig for detaljregulering, tekniske planer, finansiering, utbygging av infrastruktur og bortfesting av tomter.
  • Utbygging av Ørnefjell 2 hyttefelt på Oddmund Ljoslands eigedom. Tidsrom 1999- --. Etter same mal som Farvatn Nord.
  • Bygging av nye nedfartar og ny trekktrase for utleige til Ljosland Skisenter AS i 2005. Dette var ein del av storsatsinga med nytt skitrekk og ny varmestove på Ljosland.
  • Selskapet er største aksjeeigar i Ljosland Skisenter AS.
  • Sal av utbyggingsrett for området K1 til Konsmo Fabrikker AS for utbygging av leilegheiter her.
  • Sal av utbyggingsrett for bygging av leilegheiter i Ørnefjell 2 til Konsmo Fabrikker AS.
  • Hovudansvarlig for utbygging av Kvernevatn Aust for utbyggingsselskapet Kvernevatn Aust AS, med regulering, tekniske planer og finansiering av områda Bergehomman(B1) og Grønlihøgda(B3).
  • Prosjektert og bygd nytt løypenett på Ljosland Vest.

Selskapets filosofi.

Det er lagt stor vekt på å gjera Ljosland til ein attraktivt og trivelig stad for alle og å legge til rette for vidare utbygging av infrastruktur. Selskapet har vist stor vilje til å satse på, å gjere det som ein meinte var til nytte for Ljosland Vest. Det er for eks. lagt til rette for framtidig fiberkabel og det gamle linjenettet frå dalen og opp til parkeringsplassen for Skisenteret er lagt i bakken.
Selskapet som er styrt av grunneiarar på Ljosland Vest har ein langsiktig strategi på å vera til stade for gamle og nye Ljoslendingar også i framtida.

Tilbakemeldingar me har fått, gjer at me prøver desse påstandane:

  • Ljosland har den "råaste" alpinbakken.
  • Ljosland har det flottaste turterrenget.
  • Ljosland har de mest fornøyde hytteeigarane.
  • Ljosland har den beste servicen for sine gjestar.
Kan dette være et resultat av at Ljosland er bygd ut med de lokale krefter i førarsetet?

Det er ledige tomter i Kvernevatn Aust, både på Bergehomman og på Grønlihøgda. Meir informasjon.

Det er leilegheiter for sal ved Skisenteret og i Ørnefjell 2. Meir informasjon.

Treng du motorveg, golfbane, skibakke, løyper, tomtearbeid eller levering av grus, pukk eller jord. Sjå www.ttas.no.

Kontaktpersonar i Ljosland Utbyggingssekap AS:
Kjell Ljosland tlf 41525700 e-post kj-ljo@online.no
Oddmund Ljosland tlf 48032005 e-post oljosland@c2i.net
Ole Kristian Fyksen tlf 90837585 e-post ole.kr.fyksen@ttas.no

Avstandar til Ljosland frå :

Kristiansand - 106 km
Mandal - 101 km
Marnardal - 76 km
Lillesand - 136 km
Lyngdal 98 km