Skiturer i verneområdet
Forholda for skigåing på Ljosland er flotte også på denne tida. I dag er siste dag vi har lov å køyre løyper i verneområdet. Løyvet til dette utgår 30.april kvart år. Dette er av hensyn til fugl- og dyreliv. I den seinare tida har det også blitt observert villrein i området. Både eit stykke inne i fjellheimen, men også i utkanten. Dette er eit flott syn, men vi oppmoder skiløparar til å unngå oppsøking av villrein. SVR (Setesdal Vesthei – Ryfylket og Frafjordheiane landskapsverneområde) er tydelege på at vi alle må vise ekstra hensyn i denne tida, og vi vil sjølvsagt bidra til å formidle dette til skifolket. Her kan du lese meir om landskapsverneområdet vi er ein del av.
Det var planen å køyre løyper nå i kveld, men då det snør tett er dette lite vits i. Vi har derfor fått utvida løyvet og køyrer løypa til Lakkenstova i morgon tidleg og Stigebottsløypa både laurdag og sundag. Skoræ-løypa vil ikkje bli køyrd og vi håpar at de alle kan legge skituren langs oppkøyrde løyper og ikkje gå lenger inn enn Lakkenstova av hensyn til dyrelivet. Dersom du ser villrein er det lurt å halde seg i ro slik at reinen kan trekke seg unna uforstyrra.
Det blir derfor køyrd til Lakken fredag, men det er då siste gong for sesongen. Stigebottshei blir køyrd fredag og laurdag. Grønlitjønn, Dagsturhytta, Farstøyldalen, Grunnalon og Farevassknuten blir køyrd fredag til sundag. Sistnemnde løyper er utanfor verneområdet og er dei løypene som vil bli køyrd framover så lenge snøen er her.
God tur, og husk å halde avstand til både 2- og 4-beinte i desse tider!
Her finn du informasjon om villreinområdet vårt.