Skredfare!
VIKTIG MELDING FRÅ LØYPEANSVARLEGE PÅ LJOSLAND: SKREDFARE!!!
Dei siste dagane med sterk vind har der lagt seg kraftige skavlar i nord heng, ein del har allerede kome ned, men framleis er der store skavlar som heng att.
Bilde frå utløyst skred i Sniborskaret i dag(28.jan) under forsøket på å koma seg rundt Skoræ. Heldigvis stoppa skredet der scooteren befant seg…Dette er ein av grunnane til at det ikkje er forsvarleg å køyra opp løyper rundt Skoræ endå!
OPPMODER OGSÅ ALLE TIL Å KONTROLLERA ISEN, FØR EIN GÅR PÅ TJØNNER OG VATN. LEGG DU FØRST EIT SPOR, KJEM DET TRULEG FOLK ETTER DEG. DET ER KANHENDE FLEIRE I EIT FYLGJE SOM STOPPAR OPP I SAMLA FLOKK, – DET ER DÅ DET KAN GÅ REKTIG GALE.
– Ljosland Utvikling –