fbpx Skip to content

Skredøving på Ljosland!

Den gode historia etter gårsdagens øving er at samlege markørar i skredet blei funnen. Det var grave ned ei dokke, og 4 levande markørar. Frå søket starta til siste person var funnen gjekk det ca. 45 minuttar.

Av ressursar i skredsøk var der 32 personar inne ved skredet 7 min. etter «alarmen» gjekk.

I ein reell situasjon vil det truleg vera 1-3 personar frå leitegruppa, og dersom det er ei helg, Røde Kors vera dei første på plassen. Avhengig av fly ver, er og helikopterborne resursar rimeleg raskt på plass.

Muligheita for å finna folk i live meir enn 30 min. etter skredet gjekk, minkar dramatisk.

Moralen må vera: IKKJE oppsøk RAS utsette område.

Elles lærte me at ulike moment kunne vore gjort på andre måtar, og at det før neste øving bør gjerast meir forarbeid, slik at oppgåvefordeling mellom etatar/grupper er meir klarlagt.

Back To Top